background
MENY
background
Foto: Fjuken, Julie Garmo
Foto: Fjuken, Julie Garmo

Niventus Consult blir Jotunheimen Regnskap

21. september | Tekst: Mari Steinehaugen
I dag har vi gleda av å informere om at Niventus Consult AS skiftar namn til Jotunheimen Regnskap AS! 😊
 
For oss handlar namneendringa om meir enn eit nytt namn:
Ho markerer ei utvikling vi har vore gjennom over tid, og retninga vi ønskjer å ta vidare: å vere eit sterkt, tilgjengeleg og lokalt rekneskaps- og rådgivingsmiljø for kundane våre i mange år framover.


 
Det er viktig for oss å framleis kunne vere ein lokal leverandør av rekneskapstenester. For å få til det over tid må vi ha dyktige folk, god fagleg breidde, tydelege ansvarsområde og ein organisasjon som er robust nok til å møte stadig større krav til kompetanse og kvalitet.

Som ein del av denne utviklinga styrkjer vi laget vårt:
Nils Sverreson og Erik Kolstad går inn som oppdragsansvarlege rekneskapsførarar. Begge er statsautoriserte rekneskapsførarar med lang erfaring, og vil saman med resten av teamet bidra med større fagleg kapasitet, kvalitetssikring, rådgiving og oppfølging av kundane våre.
Nils og Erik held til lenger sør på Austlandet, og kundemøte kan gjennomførast både digitalt og fysisk i Lom ved behov. Dersom det blir endringar i kven som er oppdragsansvarleg for kundeforholdet ditt, vil du få eiga informasjon om dette. Du vil framleis kunne bruke dei vanlege kontaktpersonane dine i det daglege.
 
Vi ønskjer samtidig å utvikle oss som ein breiare støttespelar for kundane våre. I tillegg til tradisjonelle rekneskapstenester kan vi no bistå med mellom anna verdivurdering og bedriftsrådgiving. Gjennom samarbeidet med Hedvig Rognerud og Øycoachen AS kan vi også tilby kompetanse innan HR, leiing og organisasjonsutvikling, og støtte til leiarar og bedrifter i utviklings- og endringsprosessar. Hedvig er også styreleiar hos oss, noko vi er svært glade for.
 
Sjølv om vi får nytt namn, er mykje akkurat som før. Organisasjonsnummer og avtalar blir vidareførte, og du treng ikkje gjere noko i samband med namneendringa.
Det nye namnet speglar både kvar vi høyrer heime og kva vi ønskjer å vere framover. Jotunheimen Regnskap skal vere eit sterkt lokalt fagmiljø, med nærleik til kundane våre og kompetanse til å hjelpe både i den daglege drifta og når større avgjerder skal takast.
 
Vi er svært takksame for tilliten de viser oss. Vi håpar de vil vere med oss vidare og heie på at vi byggjer eit endå sterkare og meir berekraftig lokalt rekneskapsmiljø for framtida.
 
Vi gler oss til fortsetjinga som Jotunheimen Regnskap!
 
Les gjerne meir om oss her:
https://www.jotunheimenregnskap.no/
og fylg oss gjerne på Facebook og Instagram.